Vi hjelper til og skreddersyr alle formar for kurs,
møter og debattar. Vi kan tilby 80 sitteplassar i kinooppsett, eller opptil
45 sitteplassar ved bord.
Vi har ikkje eigen parkeringsplass, men det er fleire offentlege
parkeringsplassar i nærleiken.
Litteraturhuset blei oppført som bygning nummer 119 på smelteverket i 1908, den gongen som lager, seinare verkstad og smie. Huset var bygd om til fellesgarderobe og bad for arbeidarane i 1937, og i 2011 opna dørene for det som vi i dag kjenner som Sentralbadet litteraturhus.
Litteraturhuset i Odda har god erfaring med å romme møter, kurs, litterære arrangement, debattar, utstillingar, festivalar og show. Huset har skjenkebevilgning, kjøkken og tilby lunsj og kaffemat på bestilling.
Ta kontakt med
Kim Christer på 41 55 11 40
eller
litthusodda@gmail.com om du/de vil skreddersy eit arrangement, eller gå direkte til vårt
bookingskjema som du finn i
menyen øverst.
Sentralbadet litteraturhus ligg i toppen av
gågata ved Lindeplassen på Smelteverkstomta. Vi trives med å
ligge midt i hjarte av Odda sentrum, noko som skaper mange
moglegheiter både for oss og for deg som vil leige hos oss.
Marie Opheim (Banksjef, Sparebanken Vest) - Vi har brukt lokala til både mindre møter og større arrangement. Det er gode fasilitetar og utstyr for ulik bruk og veldig god service.
Roar G. Brekke (Komiker) - Litteraturhuset i Odda er eit passe stort lokale for ein intim forestilling - og supert med cafe/treffstad i samme huset.
Eivind Dahle Sjåstad (Redaktør, Hardanger folkeblad) - Eit moderne hus i historiske lokaler.
Joar Førde (Levemann) - Fantastisk hjelpsom gjeng, som ordner det du treng. Tøffe og spesielle lokaler med alle fasilitetar.
Lars Ove Seljestad (Festivalsjef) - Sentralbadet har vist seg å vera ein unik og fleksibel samarbeidspartnar for ei rekke ulike typar arrangement.